AKTIVITETAR

AKTIVITETAR PÅ HOVDEN

PÅ HOVDEN ER DET MYKJE Å TA SEG TIL - UANSETT ÅRSTID.

UTFYLLANDE INFORMASJON FINN DU PÅ WWW.HOVDEN.COM.

SOMMAR


Sommaren på fjellet byr på mange gode opplevingar. Me kan nemne fjellvandring og toppturar, høgfjellsgolf, gode fiskemoglegheiter, elgsafari, kano- og båtutleige, sykkelvegar og badeplassar.



HAUST


Hovden er ein populær plass å reise til for å oppleve den klare fjellufta og dei flotte haustfargane. Her er mange fine turstigar, ein kan hauste ber og sopp, slappe av eller leike i Hovden Badeland & Spa eller nyte god mat på ein av restaurantane og kafeane på Hovden.



VINTER


Hovden har 160 km preparerte langrennsløyper i verdsklasse! Vel mellom skogs- eller høgfjellsterren. Hovden Alpinsenter har 30 løyper og 7 heisar/ trekk, bra terrengpark og gode moglegheiter for offpiste. Om det er ruskever eller du har slitne musklar freistar det kanskje med eit besøk i Hovden Badeland med spa- og velvereavdeling?



HANDEL


Hovden har eit triveleg sentrum med kafear, ulike forretningar, turistinformasjon og kunstgalleri.



RESTAURANTAR


Det finnes fleire restaurantar og kafear på Hovden, så her er noko for ein kvar smak!



Sjå gjerne andre aktuelle nettsider:


Destinasjon Hovden

Hovden Badeland & Spa

Hovden Alpinsenter

Foto: Setesdal - Noreg tett på (Øystein Kvanneid og Anders Martinsen)